FotografiPosted by FotoKnutsen 20 Mar, 2010 23:10


Vel heime frå Bangladesh har det blitt lite blogging. Men det betyr ikkje at eg ikkje tek bilete. Tippeligaen er allereie godt i gang og det betyr fotballkamp nærast kvar veke. Skal prøve å oppdatera bloggen med bilete jamnleg framover. Her frå kampen mellom Stabæk og Vif i gymsalen på Fornebu, like utanfor Tigerstaden. Kampen enda 1-1.
FotografiPosted by FotoKnutsen 27 Jan, 2010 18:09




Kva gjer ein når det buttar litt i mot? Jo. Ein tek turen til skilpaddedammen i Chittagong. Den skilpaddedammen som rommar dei lukkebringande skilpaddene, om det skulle vera fleire av dei. Folk kjem nemleg langvegsifrå for å sjå denne dammen, og for å få lov til å klappa desse skilpaddene. Dei vaskar seg også i det ikkje så alt for reine vatnet. Det gjorde ikkje eg. Heller ikkje kona til Per Anders, læraren vår, som også var med meg på turist-turen.
Det som er litt morosamt er jo at sjølv om eg klappa to av dei lukkebringande skilpaddene på ryggen, gjekk det "megaskeis" seinare på dagen. Eg hadde nemleg ein avtale med jenta frå klesindustrien. Eg møtte opp, hadde med meg to tolkar, ein mann og ei dame. Me traff Moni utanfor fabrikken. Men etter eit par minuttar med diskutering fram og tilbake, på Bengali, så stakk ho sin veg. Og sidan har eg verken høyrt eller sett noko til ho.
Det betyr at eg må finna meg ein ny klesfabrikk i morgon tidleg. Det gjer meg i grunn ingenting. For eg likte slett ikkje å jobba på den fabrikken i Baluchara. Kanskje skilpaddene bringte litt lukke likevel?